Biblioteket - ein stad å vere og ein stad å lære!

Kopervik VGS har bibliotek og lesesal vegg i vegg. Du finn det i underetasjen og du er velkommen til å bruke det kvar dag. 

  

Lesesal og bibliotek


Kopervik VGS har bibliotek og lesesal vegg i vegg. Du finn det i underetasjen og du er velkommen til å bruke det kvar dag. 15 timar i veka er det bibliotekar til stades, og du kan låne bøker (eller anna) når som helst på PCen som står like ved døra.

På lesesalen finn du fagbøker, ordbøker og oppslagsverk. Skjønnlitteratur på norsk, engelsk, tysk eller spansk finn du inne på biblioteket. Her finn du også magasin, brettspel og teikneseriar.


Kva kan du bruke biblioteket til?


Biblioteket er ein stad å vere og ein stad å lære. Det vil seie at det skal vere ein møtestad og ein fri stad,  du kan vere sosial eller å få ein pause. Her kan du lese spele spel, eller arbeide med skulearbeid. Inne på biblioteket er det lov å prate saman, medan på lesesalen skal det vere stille.

Skulebibliotekaren vil hjelpe deg både med å finne fagstoff, anten det er bøker eller digitale kjelder, eller å finne ei skjønnlitterær bok som passar til deg, anten du skal skrive ei litterær oppgåve eller leggje deg i hengekøya.  På biblioteket vil du også kunne få rettleiing når det gjeld korleis ein skriv fagtekstar og korleis ein bruker kjelder.  Målet er å kunne vere ein støttefunksjon til undervisinga du får i dei ulike faga. Skulebibliotekaren hjelper deg også med å finne skulebøker til deg dersom du bytter fag eller målform.

Har du forslag om bøker, teikneseriar, spel eller filmar me bør kjøpe, så kom med tips til bibliotekaren.

Opningstider: 08.00 – 15.00

Søk i databasen vår:

https://kopervikvgs.bib.no/cgi-bin/m2

Telefonnummer: 95844213

E-post: aslaug.louise.kongshavn@skole.rogfk.no